Mange deltok på huseigardagen i Førde

Gå til hovedinnhold

Mange deltok på huseigardagen i Førde

Til liks med i dei andre lokale distrikta i Huseierne arrangerte HL avd. Sogn og Fjordane huseigardag i Førde den 1. november.

Arrangementet var som tidlegare lagt til Rica Sunnfjord Hotell.
 
På dagtid kunne ein bestille time hos advokat og eigedomsmeklar. Mange nytta seg av denne moglegheita og fekk gratis rådgiving i ulike typar saker omkring eigedom og arv.
 
Første foredrag for dagen var ved advokat Ole Rune Døskeland som snakka om skattereglar ved sal av bustad, hytte og gardsbruk, og elles også gav dei oppmøtte nyttige råd omkring det praktiske ved sal av denne type eigedom.
 
Hovudtemaet var foredrag om korleis spare arveavgift på hus og hytter, der advokatane Jarle Gjengedal og Jan Erik Mardal gav ei oversikt over dei ulike måtar ein kan spare arveavgift ved arv og gåve. Alle dei oppmøtte fekk utlevert det nye temaheftet "Farer og feller ved arv og gaver" som nyleg er blitt utgitt av Huseierne.
 
Til stades med stands var IF skadeforsikring og Securitas direct med gode tilbod i høve huseigardagen.

Meir enn 60 personar deltok, noko som er rekordoppslutning opplyser ein nøgd distriktsleiar Jan Erik Mardal.

Mer fra Huseierne

Se alle artikler